Meg sjølv
Eg er 26 år og går 5. året på ein mastergrad i Landskapsarkitektur på Universitetet for Miljø og Biovitenskap (UMB) på Ås.Eg skriv for tida masteroppgåve og er ferdig som student våren 2009. I masteroppgåva mi ser eg på kva menneskelege gevinstar ein kan ha av å bruka grøne tak og fasadar i stadig meir fortetta byar.
Eg har vald spesialiseringa overordna landskapsplanlegging. Den legg vekt på planlegging og utvikling av landskapet på eit overordnet nivå, kommunalt og regionalt. Det er mykje fokus på kommuneplanar, kommunedelplanar, reguleringar, analysar og store landskapsinngrep som veganlegg og omfattande utbyggingsprosjekt.
Eg har alltid hatt interesse for dei meir konkrete prosjekta innanfor landskapsarkitektur og er glad i praktisk prosjektarbeid.
Eg har gode generelle datakunnskaper. Eg brukar Autocad Civil 3d 2009, Adobe CS4, MS Office og Google Sketchup 7. Utanom har eg arbeida med Focus Arealplan, NovaPoint Veg og ArcGIS.
Eg har god erfaring med arbeid i grupper og team frå tallrike gruppeprosjekt i utdanninga, samt ulike tillitsverv.
Eg kan nåast på: am-ha@online.no eller tlf: 91331054.